Velkomen til OSI Aikido, den eldste aikidoklubben i Oslo!

Vi har treningsøkter alle vekedagar, for alle nivå.

Vi trenar i sal 5 på Blindern Athletica og sal UA på Domus Athletica (kart).

Viss du er interessert i aikido, eller kunne tenkje deg å begynne, er du hjarteleg velkomen til å kome innom ei trening!

Du kan og kontakte oss per epost eller telefon. Vel møtt!

Viktige beskjedar

Laurdagstreninger heile semesteret – gå til treningstidenetreningstidene for ei oversikt, og hit for ein artikkel. Bli med!

Betaling av medlemsavgifta til klubben skjer på nettet. Gå inn på OSI si hovudside.

Studentar som har betalt medlemsavgift, trenar gratis i søsterklubben vår Sentrum Aikido på Tøyen.



Lyst til å bli med?

Vi startar som regel nybegynnarkursa våre den siste veka i august og januar.

Klubben har om lag 55 medlemmer, både studentar og ikkje-studentar. Vi trenar alle vekedager og held instruksjon på alle nivå. Klubben har eit godt sosialt miljø utanom treningsøktene og.

Dette er med andre ord ein hyggeleg plass å vere, spesielt viss du er ny på universitetet!



Litt om Aikido

Aikido er ein japansk kampkunst som utøvast over heile verda. Denne kampkunsten er basert på samuraiane sine århundregamle tradisjonar, raffinert og bevart opp til nyare tid.

Treningene er samansett av mellom anna tøyeøvingar, rørsletrening, fallteknikk og sjølvforsvar. Det er ingen spesielle krav til god form, koordinasjon og liknande for å begynne å trene hos oss; det får du etterkvart! Aikido gjer deg koordinasjonstreing, god haldning, fysisk og mental avspenning samt auka sjølvtryggleik i spente situasjonar.

Sist, men ikkje minst, er det gøy!



Studentar som har betalt medlemsavgift hos oss, trenar gratis i søsterklubben vår Sentrum Aikido på Tøyen.



OSI Aikido
Sal UA, Domus Athletica


Velkommen!


Sjølv det sterkaste menneske har ei avgrensa sfære av styrke. Trekk han ut av den sfæren og inn i din eigen, og styrken hans vil smuldre vekk.
- Ueshiba Morihei, Fredens kunst