Side 1 av 1

Referat styremøte 08.01.09

InnleggSkrevet: 12 Jan 2009, 12:22
gunn june
Referat frå styremøte 08.01.09

Tilstades: Kaia, Linn Eva, Cindy, Simen, Andreas, Tuva, Trond og Gunn June (sekretær)


Cupfinalen
- Alt er i rute, me har funksjonærar til alle oppgåver
- Tuva er ansvarlig for det som føregår fredag og laurdag saman med Linn Eva, søndag må Tuva avtale med ein som kan vera ansvarlig.
- Det er viktig at det blir registrert at alle møter når dei har sagt dei skal
- Det manglar ein kontrakt til arrangementet frå NVBF, denne er etterspurt
- Det er viktig at ein passar godt på sakene sine i Bjørnholthallen grunna tjuveri i og omkring hallen. Ein må informera dei som arbeidar dugnad i hallen om dette


Økonomi
- Klubben ligg førebels på minussida
- Det er mykje uteståande dugnadspengar frå førre sesong, desse pengane må me få oversikt over, og få samla inn så snart som råd. Linn Eva er sett på saka
- Alle i klubben må bestemme seg for om dei vil jobbe dugnad eller ei. Dugnadsansvarlige på kvart lag skal bli informert om dette og gi beskjed tilbake til styret. Simen og Andreas har ansvaret for dette.
- Mange har betalt OSI-avgift for hausten. Det er viktig og få inn alt for våren og. Kaia har ansvar for å følgje opp denne saka vidare.
- Oppgjeret etter NM kvartfinalane er endå ikkje heilt i boks då ein manglar liste over utgifter frå Kristiansund, Trond skal gje beskjed om dette til Kristiansund
- Me fekk redusert halleie og gratis tribunar til kvartfinalen.


Ekebergcup
- NÃ¥r? Skal me jobbe dugnad der? Trond jobbar med dette

Starpakkedugnad
- Blir denne noko av?
- Evt når og kvar?
- Kan me stille nok folk?
- Simen og Andreas tar kontakt med startpakkedama for å finne ut meir

Tysdagsmøte
- Styret er einige om at det er noko me bør prøva å få til, sjølv om det ikkje er råd å finne ein dag alle lag er på trening
- ”Tysdagsmøte” neste veke tysdag og torsdag, der vil det bli informert om dugnad og OSI-avgift (og betaling av denne). Kaia og Trond samlar til møte

OSI- volleyball brosjyre
- Det er eit ynskje i styret å få laga ei brosjyre med informasjon om klubben, e-postlister, OSI-avgift, lisensbetaling et cetera.
- Denne brosjyren skal då vere ferdig til bruk til hausten. Linn Eva lagar utkast til brosjyre så kan styret leggja til (eller evt fjerna).

Sosialt
- Det har vore mindre sosiale tiltak det siste åra i forhold til tidlegare år. Ei årsak til dette kan vere at det er fleire lag i klubben. Styre ser det som viktig for å få folk engasjerte i klubben at ein satsar på ein godt sosialt miljø.
- Forslag til tiltak for å få betre samhald/sosialt miljø på tvers av laga:
o Arrangere treningshelg
o Arrangere OSI-open beachvolleyturnering
o Lage OSI- volleyball genser
• Den må sjå fin ut og vere av god kvalitet
• Ein felles genser kan vere med på å gi ei klubbkjensle
• Dette er noko me vil jobbe med vidare og prøve å få til, til hausten
o Hyttetur: ansvarlig for å undersøkje dette til neste styremøte: Johannes
• Finne datoar som er aktuelle (etter 15 mars)
• Undersøkje kapasiteten og ledigheita til OSI-hytta


Trenarar
- Klubben har eit ledig trenarkort
- Spørsmål som må takast stilling til: Har me eit behov for fleire trenarar? Evt til kva lag? Er det nokon som kan vera aktuell som trenar?
- Er det behov for å ha eit ”trenarforum”, ein samling der trenarane kan utveksla erfaring og lære av kvarandre. Tuva skal undersøkje med klubben sine trenarar om det er interesse for ein slik ”event”
- Tuva har og ansvar for trenarkorta som skal delast ut i vår
- Ein trenar i klubben hadde betalt sitt adgangskort før trenarkorta vart delt ut i haust. Pengane for det skal refunderast, ein må først prøve å få pengane tilbake frå SIO. Går ikkje det vil OSI-volleyball refundere pengane.


Dommarar:
- OSI har per i dag ingen dommar tilknytte klubben, dette er eit krav frå forbundet og ein blir bøtelagd om ein manglar dommar. Gaute (Gjein?) har sakt seg villig til å stille for klubben om klubben betalar OSI-avgift for han.
- Linn Eva skal sjekke med forbundet kor mange dommarar me er pliktige å ha
- Tuva skal høyre med medlemmane i klubben om kor mange som har dommarkurs, og evt kor mange som deltek på dommarkurs i helga

Hovudstyre
- Det er viktig at volleyballgruppa får minst ein, helst to medlemmer inn i OSI sitt hovudstyre. Den eine bør gå for nestleiarvervet
- OSI-volleyball må stille på årsmøtet for å stemme, me har to stemmer.
- Den(dei) som stiller til val i hovudstyret bør ha erfaring med volleyball på eit relativt høgt nivå

Noregs volleyball forbund
- NVBF held ekstraordinært ting, seinast medio februar
- Det skal veljast eit nytt styre på dette tinget og der bør me møte. Me kan stille med to representantar. Trond og Kaia har førsterett til å møte.


OSI-dag
- Det blir arrangert OSI-dag 21/1-09 der me kan vise oss fram. Fristen for påmelding er 13/1-09. Dette vurderes.



Redusere tal på lag til hausten
- Det er kome forslag for å kutte tal på lag til hausten. Det er då med tanke på D6.
- Problemet med å kutte eit lag fører til at det kan bli problematisk å holde studentandelen oppe då det nedste laga stort sett består av studentar.
- Eventuelt kan ein kutte nybegynnarane
- Det er eit ynskje i styre at me har eit lag som står utanfor seriespel
- Dette er ei sak som kjem opp at seinare i vår


Neste møte vert om 14 dagar, altså den 22. Januar!