Side 1 av 1

Referat styremøte 22.01.09

InnleggSkrevet: 26 Jan 2009, 10:54
gunn june
Tilstade: Kaia, Linn Eva, Johannes, Astri, Trond, Andreas, Simen, Emilie, Tuva og Gunn June

Cupfinalen
Me har no fått kontrakten frå forbundet.
Det er litt ulikskapar i forhold til antal timar som vart estimert frå forbundet og det antalet timar som faktisk vart jobba, Tuva skal sjå nærare på dette.

Dugnad
De er sendt ut mail til klubben sine medlemmar over kven som vil betale seg ut av dugnader. Det er sett ein frist til 15 februar for å bestemme seg for det.
Det er og sendt ut mail med informasjon om startpakkedugnad.
Andreas og Simen skal lage ein oversikt over kor mange fleire dugnader me treng når dei som ynskjer det har betalt seg ut.
Dersom ein ikkje jobbar dugnad og heller ikkje betaler seg ut må dette få konsekvensar for dei spelarane det gjeld.

Økonomi
Vi ligg per i dag såvidt på plussida. Om alt går som planlagd og vi klarar å følgje budsjettet håpar vi på å kunne kjøpe inn litt nytt utstyr til i haust. Mellom anna treng vi nye matchballar.

Treningssamling
Me vil gjerne prøve å få til ei treningsamling etter sesongslutt. Det kan og vere aktuelt å ta ei heil helg der me reiser ut av byen med overnatting. Dette under den føresetnad at det ikkje vert for dyrt. Ved å reise ut av byen vert alle ”tvinga” til å vere saman noko som er bra for samhaldet i klubben. Tuva jobbar vidare med å finne ut korleis ein skal leggje opp ei evt treningssamling.

Dommarar
Gaute Gjein er per i dag den einaste OSI dommaren som dømmer kampar i serien.
Me har 5 personar i klubben som har dommarkurs av nyare dato. Det er og fleire som har dommarkurs frå ein del år tilbake. Det er noko usikkerheit i kva reglar som gjeld, og kor lenge eit dommarkurs er gyldig. Tuva skal sjekke dette med forbundet.

Sosialt
Johannes jobbar med å få arrangert ein bayercup snart. Informasjon blir sendt på mail nå ein finn ein fredag som passar.
Det er og snakk om ein hyttetur, Johannes sjekkar kapasiteten til OSI hyttene. Overnatting på ei hytte kostar ca 75 kr per snute per natt (trur me..). Dersom treningsamlinga vert med overnatting kan det vere ein ide å droppe hyttetur og heller satse alt på et kort.


Ekstraordinært forbundsting
Det skal vegjast nytt styre i NVBF og blir holdt ekstraordinært forbundsting den 21. Februar. Me kan stille med 2 stemmer, Kaia og Trond vil stille for OSI-volleyball.
OSI- avgift
Vi har fått inn nesten alt for hausten. Dei som ikkje har betalt har fått personleg beskjed om at dei må betale. Det er viktig at desse ikkje slepp unna. Dersom dei ikkje betalar innan ei veke får dei ikkje lenger trene i klubben. Dei som skal betale for hausten må betale direkte til OSI-volleyball då det ikkje lenger er mogleg å betale for hausten på nett.
Betalinga for våren har starta, det er ein frist på 2 veker frå ein sender ut mail om det til alle skal ha betalt. Etter det vil torpedo på kvart lag få ansvaret for at dei som evt ikkje har betalt gjer det. Manglande betaling betyr utestengelse frå klubben. Linn Eva sender liste til Kaia med oversikt over dei som har betalt for våren.
Det er og nokre problemer med tal på ikkje-studentar og betalinga for våren, Kaia sender høyrer med Gunhild om det.

Møte mellom treningar
Me ynskjer å eit slikt møte neste veke tysdag og onsdag. Der skal det informerast om Dugnad og kven styret er. Trond sender ut mail om dette.

Idrettsregistrering
Me skal registrere alle aktive utøvarar i klubben. Dette blir gjort via internett. Informasjonen går til idrettsforbundet. Kaia og Linn Eva ordnar dette.

Utstyr
Det er kome inn spørsmål om me har til dømes gamle ballar me kan gi bort til ei god sak. Astri skal rydde ut gamle ballar på Domus og Blindern.
Det må og ryddast i ballskapa på Blindern og ein må passa på at alle ballar ligg i låste skap. Kaia og Astri ordnar det.
Astri sender ut mail til alle med info om at ein må rydde vekk og låse inn ballar etter trening, og dersom ein låner ballar til kamp er det viktig at desse blir henta så seint som råd, og levert tilbake tidleg.

Trenarar
Det er ein som no begynner på H3 som gjerne vil vere trenar i klubben. Spørsmålet då er kva lag som treng trenar. Tuva og Linn Eva sjekkar opp dette.


Det var alt for noÂ…

Neste møte blir torsdag 5 februar.