Referat frå styremøte 12.02.09

SSIA

Referat frå styremøte 12.02.09

Innlegg Astri » 18 Feb 2009, 12:18

Referat frå styremøte torsdag 12.02.09

Tilstades: Trond, Kaia, Linn Eva, Tuva, Simen, Andreas, Emilie, Astri(sekretærvikar).

Sak 1: Årsmøte i OSI
5. mars er det årsmøte i OSI. Trond og Kaia stiller frå styret. Det er fritt fram for alle andre å møte opp. Alle medlemmar som har betalt OSI-avgifta har stemmerett på årsmøtet! Frist for å sende inn saker er torsdag 19.februar.

Trond vil fremje forslag om at trenarar i klubben vert unntatt frå studentkvota i OSI. Sidan dei aller fleste trenarane i klubben også spelar sjølv, vil dette gjere det enklare å innfri studentdelen på 80%, samtidig som ein beheld viktige trenarressursar i klubben.

Det skal vere val av nytt hovudstyre. Line Garthe Johannessen(D1) og Anders Myhr(H1) vart føreslått som aktuelle kandidatar for nestleiarvervet. Trond hører om dei kunne tenke seg dette.

Sak 2: Ekstraordinært forbundsting i NVBF 21.02.09.
Trond og Kaia stiller, og har fått naudsynt fullmakt frå styret. Trond sender inn påmelding.

Linn Eva tok opp forbundet sitt forslag om å auke lisensen til alle aktive spelarar for å auke kapitalen til forbundet. Ho var usamd i at det er spelarane som må betale prisen for forbundet sitt økonomiske uføre, og ønska at Trond og Kaia tek opp dette. Sidan sakslista ikkje var kjent for alle i styret blei det bestemt at alle les dokumenta heime, og at eventuelle innspel blir formidla på styremailen.

Sak 3: Spørjeundersøking som styringsverkty
Trond informerte om ei spørjeundersøking som Anders Myhr og Tuva har planlagt i forkant av treningssamlinga i slutten av april. I ein e-post til Trond forklarer Anders korleis ei slik undersøking kan nyttast i arbeidet med å bygge klubbtilhøyre. Han meinar klubben kan ha nytte av å vite meir om kven OSI volleyball sine medlemmar eigentleg er. Spørjeundersøkinga skal såleis vere eit utgangspunkt for å styre klubben til å bli ein klubb definert av sine medlemmar. Tanken er at medlemmane på denne måten vil føle eit større eigarskap og engasjement til OSI volleyball.

Spørjeundersøkinga skal vere nettbasert. Den skal innehalde ein del om OSI volleyball som klubb, og ein del om treningssamlinga.

I tillegg ser Anders for seg å lage ein invitasjon til treningssamlinga i videoformat. Denne skal ha tittelen ”Kven er OSI volleyball?” og innehalde scener frå treninga til alle laga, samt spørsmål knytt til undersøkinga. Yngvild Schei(D1) har teke på seg å filme og redigere denne.

Anders skisserer følgjande oppgåver med undersøkinga:
1.Tuva og Anders er ansvarlege for spørsmål knytt til treningssamlinga. (T.d. om pris og innhald).
2.Det er ynskjeleg at styret tek ansvar for delen knytt til OSI som klubb. (T.d. spørsmål om treningstilbod, arrangementsinnhald, kor godt medlemmane kjenner kvarandre, kor god OSI merkevaren er, kvifor dei spelar volleyball, kvifor dei valde OSI, kva dei evt kunne tenke seg å bidra med, kva behov og verdiar medlemmane har, kva vi er gode på og kva vi kan gjere betre).
3.Jonas Buskop(H1) har sagt seg villeg til å kvalitetssikre undersøkinga.
4.Det trengs folk til å implementere undersøkinga til webformat. Anders foreslår å bruke Trond og/eller Jon Sandvand(H1), om dei er villege.
5.Styret må diskutere om undersøkinga skal vere anonym eller ikkje, samt om det er ynskjeleg å samle data om enkeltspelarar, t.d. om kompetanse, utdanning, jobb, kvar dei kjem frå etc.

Frist for undersøking og video er føreslått til 9. mars.

Anders foreslår dessutan å lage langsiktige mål om ein endå proffare OSI volleyball-video, logoarbeid, ”OSI-eventyret” og anna branding for å bygge identitet.

Styret syntes dette verka svært spanande, og vedtok å støtte dette arbeidet 100 %.

Sak 4: Treningssamling og/eller hyttetur?
På førespurnad frå Johannes diskuterte styret om det skal arrangerast både treningssamling og hyttetur i løpet av våren. Treningssamlinga blir ein av dei to siste helgane i april. I tillegg er det planlagt Bayercup den 20. mars. Det var delte meiningar om dette. På den eine sida kan det bli litt i meste laget med tre OSI aktivitetar på om lag ein månad. Særleg sidan to av dei er med overnatting. På den andre sida er det ikkje sikkert at aktivitetane tiltrekk seg dei same personane. Ein hyttetur treng ikkje vere så omfattande, men bør arrangerast av nokon som sjølv ynskjer å delta.

Det blei avgjort at styret i første omgang skal sende ein e-post og lodde stemninga for hyttetur. Dette vert Johannes sitt ansvar.

Sak 5: OSI-avgifta
Oversikta over kven som ikkje har betalt OSI-avgift er ikkje tatt ut endå. Linn Eva skal gjere dette til neste møte.

Sak 6: Økonomi
Linn Eva orienterte om at økonomien ikkje har endra seg sidan sist. Til orientering deltok Tuva på økonomiseminar i regi av OSI tysdag den 3.februar.

Sak 7: Dugnad
Andreas informerte om at klubben jobba om lag 123 timar på startpakkedugnad. Førebels har om lag 6 personar gitt beskjed om at dei vil betale seg ut av dugnadsjobbinga.

Tuva informerte om at det var jobba om lag dobbelt så mange timar under cup-finalen som det forbundet opererte med i avtalen. Det er ingen vits i å krevje meir pengar for dette no i ettertid. Kaia føreslo heller å sende oversikta til forbundet, med forslag/krav om at dei går ut i frå dette timetalet neste år. På den måten får vi dokumentert det reelle timebehovet ovanfor forbundet, og har eit forhandlingsgrunnlag for neste år. Styret støtta forslaget.

Sak 8: Tilbod på ballar.
Astri la fram eit tilbod klubben har mottatt frå Team Matsuru Norge om å kjøpe eit parti Tachicara-ballar til sterkt redusert pris. Styret ynskjer at alle ballane til klubben skal vere like, slik at alle laga kan dele på dei. Det blei difor avgjort å avslå tilbodet.

Sak 9: Utstyr
Simen lurte på om det er mogleg å kjøpe inn nye poengtavler, då desse byrjar å bli svært utslitne. Astri skal sjekke om desse er SIO eller OSI volleyball sin eigedom.

Linn Eva orienterte om at det med tanke på klubben sin økonomi ikkje er aktuelt å kjøpe inn nytt utstyr på noverande tidspunkt. Det er likevel forventa at økonomien snur i løpet av sesongen. Det blei avgjort at Astri skal ta ei oppteljing av klubben sitt utstyr ved sesongslutt, og sette opp ei utstyrsønskeliste då. Til dømes kan det vere kjekt å ha fullstendige førstehjelpskoffertar både i Blindern og Domus.

Astri har rydda og organisert skapa til klubben både i Domus og Blindern. Ho skal sende ut ein e-post til alle medlemmane om bruken av klubben sitt utstyr.

Astri skal også lage eit oversyn over alt utstyr som klubben eig, samt det volleyballutstyret som SIO pliktar å stille med og halde vedlike.

Astri informerte om at det stadig er problem med nettstengene i Domus og Blindern ved at sluttstykket for å stramme nettet knekker. Astri følgjer med på dette, og gjev beskjed til Gunnhild Digernes om kvart nye tilfelle.
Astri :)

I`m still confused, but now on a higher level..
Astri
Rutinert og god
Rutinert og god
 
Innlegg: 29
Registrert: 17 Feb 2009, 03:07

Gå til Referater fra styremøter

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron