Referat frå styremøte 24.09.09

SSIA

Referat frå styremøte 24.09.09

Innlegg gunn june » 25 Sep 2009, 13:43

Tilstades: Linn Eva, Simen, Andreas, Tuva og Gunn June

• Sak 1: Styret
Styret består per i dag av 8 personer. Vi ønsker oss at det kunne vore fleire. Det er ikkje lenger eit krav at kvart lag har eit styremedlem, men vi ynskjer å oppfordra til det. Mellom anna treng vi no ein ny festansvarlig. Dette blir tatt opp på neste fellesmøte.

• Sak 2: Fellesmøte
Styret planlegger å ha eit fellesmøte mellom treningane tysdag 6 okt for å presantere styret og informere om OSI avgift, lisensbetaling, dugnadsarbeid, utstyr, høyra på stemninga for klubbgenser med meir. Linn Eva sender ut mail om dette.

• Sak 3: Uttaket
Det er kome reaksjonar ang årets uttak av nokre av laga.
Linn Eva og Tuva snakkar med dei trenarane det gjeld.

• Sak 4: Dugnad
Det trengst eit nytt system for registrering av dugnadstimar. Noverande system er uoversiktlig og kvar enkelt har ikkje kontroll over kor mange dugnadstimar som er registrert på ein. Simen og Andreas høyrer med Trond om det er mulig å få laga eit system som kan ligge på heimesida til OSI.
Det er og viktig at ein prøvar å få inn dei dugnadstimane som manglar frå forrige sesong. Linn Eva må ta ut lister over det som har betalt seg ut av dugnad.
Årets første startpakkedugnad er unnagjort. Det gjekk greit, men det skulle vore fleire med på den. Det er ønskeleg frå arrangøren at denne føregår same veke kvart år. Andreas har kontakt med Gro (?) om dette.

• Sak 5: Nye ballar?
Per i dag har vi ikkje økonomi til å kjøpe nytt utstyr. Vi har masse utgifter mellom anna til serieavgift etc. no i byrjinga og avventar kjøp av nye ballar til forbundet pålegg oss å ha dei nye ballane.

• Sak 6: Utstyr
Det er få ballar på Domus om dagen. Astri må telle over og sjå om det er noko som manglar i forhold til ant som skal vere der. Det må ellers og informerast om utstyr på fellessamling. Alt utstyr skal attende der ein har henta det frå snarast mogleg.

• Sak 7: Julebord og bayercup
Me må finne helg til julebord snart og booke lokale. Oppgåva med å arrangere julebordet må og fordelast til eit av laga.
Det er ynskjeleg å køyre i gang Bayercup snart. Med påføgande pub med filmvising. Linn Eva tar ansvar for å finne passande datoar til julebord og bayercup.

• Sak 8: Årsmøte og valkomite
Kaia og Trond må ta ansvar for dette

• Sak 9: KSI hyttedugnad
Årets dugnad på studenterhytta er sett til 3 og 4 oktober og kvar gryppe i OSI skal stille med 2 pers, ellers får ein bot. I OSI volleyball har begge 1 div laga bortekamp og 2 og 3 div har ranking så det er ikkje mogleg for OSI å stille med nokon repseentanter til dette. Linn Eva sender mail til Gunnhild om dette.

• Sak 10: Nytt seriesystem frå 10/11 sesongen
Styret er positive til forslaget som er kome frå forbundet. Einaste spm er omkring avgrensing av tal på lag i kvar divisjon.

• Sak 11: Tilbud frå Spost 1 superstore
Tilbodet høyrest likt ut som det tilbodet OSI sentralt har med Oslo Sportslager. Astri høyrer med Gunnhild.

• Sak 12: Treningssamling
Det er gjennomgåande kome gode attendemeldingar frå klubbens medlemmar på haustens samling. Mange har hatt godt sportsleg (og sosialt) utbytte av samlinga. Ein er og relativt nøgd med oppmøtet. Det har vore noko vanskelig med promotering av samlinga til nye spelarar då ein del av informasjoen har føregått på epost. Styret er positive til å arrangere treningssamling både haust og vår. Sportsleg leiar har ansvar for å fordele oppgåver i samband med samlinga.

• Sak 13: Drakter
Alle laga i seriespel nærmar seg seriestart og då treng alle draktar. Me må finne ut kvar desse er og fordele dei ut på dei ulike laga. Med tanke på å kjøpe nye drakter har ikkje klubben økonomi til det per i dag. Linn Eva sjekker dette opp.

• Sak 14: Klubbgenser
Mange har lyst på ein eigen klubbgenser for OSI volleyball. Simen sjekker ut design og pris. Me må og fine ut om klubben har kapasitet til å legge ut for ein del gensere, sjølv om ikkje alle vert selde.

Det var det for denne gong!
gunn june
 
Innlegg: 3
Registrert: 12 Jan 2009, 12:12

Gå til Referater fra styremøter

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 2 gjester

cron