H2, sesongen så langt

Nyheter og meldinger til alle i OSI Volleyball. Postinger her kommer som nyhet på forsiden.

Moderator: Helle

H2, sesongen så langt

Innlegg thasle » 18 Des 2005, 16:39

Årets H2 er eit sterkt lag. Mange gode spelarar måtte snu i døra på uttak i haust, og Q-Jon og Marte hadde ein tøff jobb med å fordela dei 16 plassene. Treningsiveren har vore heilt enorm, og oppmøtet har nesten vore plagsomt høgt heile hausten.

Før dei to siste kampane før jul hadde H2 fjerdeplassen på tabellen. Laget tok tredjeplassen på rankingturnering i Ås, og hadde vunne litt og tapt litt i serien. Rankingturneringa viste jevnt over godt nivå på laget. Dei tolv spelarane som var med til Ås bidro alle til å vinna puljespelet, og spela godt mot eit sterkt Skrei i ein jamn semifinale.

Skrei venta igjen i serien denne helga, saman med dei lokale kæillane frå Fredrikstad. Det sterke oppmøtet tidlegare i haust, slo ikkje til denne helga. Tre-fire mann var klare for å bruka laurdagen i Austfold, og etter ein heil del rasling med sabelen samla me ein noko brokete gjeng:

Eit par halvsjuke, eit par fyllesjuke, ein kyssesjuk og to sinnsjuke utgjorde mannskapet (saman med trenar Jon). Ikkje det beste utgangspunktet med andre ord. Det faktum at det var ein midt for lite og ein diagonal for mykje gjorde det ikkje betre.

Bilde
Daniel: ¨Jäg är inte sjuk, jäg er bara svensk!"

Sterkt varierande spel var ikkje heilt nok mot Skreia, eit lag me absolutt burde kunne slå. Dei lokale heltane i Kolberg var neste ut. Knepent tap i første sett, vart snudd til valsing frå vår side i andre sett. Plutseleg hamra me inn, pressa på serv og spela til og med litt forsvar. Eit par tullefeil hindra at Kolberg fekk einsifra, men det overbevisande settet enda til slutt 25-10. No var det berre å knusa inn dei to siste setta, men kva skjer? Vel, det gjekk vel ikkje sånn kjempebra. Ballfobi, smashangst og horrible mottaksrekker er nok dessverre fasiten sjølv om lite fordelaktig dømming og fine damer i sekretariatet bør ta sin del av skulda.

Bilde
Q-Jon klør seg i skjegget og Runar studerer lokale "småfly"

H2 kjem grusomt tilbake...
God jul!
thasle
Ung og lovende
Ung og lovende
 
Innlegg: 12
Registrert: 18 Des 2005, 15:41

Innlegg trond » 19 Des 2005, 01:16

Kanskje redusere størrelsen på bildene en smule? Tar seg litt dårlig ut på forsiden.
-trond
Only Chuck Norris can devide by zero.
trond
Proff
Proff
 
Innlegg: 140
Registrert: 03 Aug 2004, 15:57
Bosted: VÃ¥lerenga

neida

Innlegg gjest » 23 Des 2005, 15:28

de er strålende... bildene. hvor er resten?
skal vi se: et par halvsjuke, et par fyllesjuke, en kyssesyk... det blir jeg... ja... nemlig.
gjest
 


Gå til Nyheter og meldinger

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron