H2 TRI!

Nyheter og meldinger til alle i OSI Volleyball. Postinger her kommer som nyhet på forsiden.

Moderator: Helle

H2 TRI!

Innlegg thasle » 12 Jan 2006, 16:57

H2 er etter tre sigrar den siste veka nummer tre på tabellen!

Søndag ekspederte OSI både Hoppegompan og Homsepatruljen (Raballder) uten problemer. To ganger tre null og overbevisande spel! Settsiffer 25-4 snakkar for seg, sjølv om Kurt til og med prøvde på dette uten vidare hell:

Bilde

Onsdag kom Spirit/Lørenskog på besøk. Dei hadde med seg skumle intensjonar og fleire 1.divisjonsspelarar. Ho Marte var kjempesint fordi ingen hadde funne fram stolar, og byrja nesten å grina. Både stolar, oppvarmingsballar og funksjonærar kom på plass etter kvart. Ivar steppa elegant inn som andredommar (heilt utan fløyte)!

Veldig få sjuke denne gongen, noko som resulterte i mange kilo spelekåt juleribbe på benken og stor kunstnerisk frihet på draktfronten. Nye drakter, sannsynlegvis med eit eksemplar av kvart nummer, er på veg.

Bilde

Terje gnir seg i hendene når han tenkjer på den frekke vesle raude latexhotpantsen han har skaffa seg til den nye liberodrakta!

Spelet varierte eindel mot Spirit, men laget jobbar hardt (til ei forandring også bakover). Terje og Arne stod for gode mottak, og forsvarspelet er generelt stabilt. Kampen var vel ikkje prega av dei heilt store prestasjonane, men Spirit fekk aldri overtak og tapte tre strake sett.

Bilde

Har forsvaret til H2 sett lyset?

Me møter Spirit igjen neste helg, H2 er på veg oppover på tabellen!
thasle
Ung og lovende
Ung og lovende
 
Innlegg: 12
Registrert: 18 Des 2005, 15:41

Gå til Nyheter og meldinger

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron