Thats the spirit!

Nyheter og meldinger til alle i OSI Volleyball. Postinger her kommer som nyhet på forsiden.

Moderator: Helle

Thats the spirit!

Innlegg thasle » 22 Jan 2006, 19:36

H2 innehar andreplassen på tabellen etter nok ein siger i helga!

Spirit Lørenskog venta laurdag kveld, og H2 dukka opp på Skårer med ein skummel nimannsdelegasjon. Me vann mot Spirit forrige kamp, men trudde kanskje at dei hadde litt meir å gå på enn dei fekk vist i Domus.

Me stilte med splitter nye drakter, raude figursydde trøyer frå Kappa. Kurt klaga over dårleg plass til bicepsen, og Terje gleda seg stort over å kunne knipsa opp brystvortene til resten av laget (veit ikkje om denne effekten skuldast at det var kaldt i hallen eller at me er ekstremt glade for å få spela volleyball...).

Førstesettet vart kontrollert fint av OSI, 25-14. Etter litt rot i andresettet såg det ut til at det òg skulle gå vår veg på 21-17, men angsten brer om seg etter eit par bomslag og Spirit tar settet 26-24. Spelet fungerer stort sett bra, veldig bra i periodar der me har initiativet. Me presser på med gode servar, spesielt frå Kurt og Daniel, samt stabile mottak frå Arne og Terje. Nye angrepsposisjonar og brukbar blokk frå Spirit gjer at angrepsspelet fortsatt er noko varierande. OSI tar greit dei to siste setta, og vinn kampen 3-1.


Bilde
Team Stiff Nipples er i kjempehumør etter nok ein siger!

Fleire bilete:
"Sveinung Jackhammer" langar ut ein tremeter på diagonalen

Arne har fått ny drakt og raballderhåndledd

Upåklageleg stemning i pausen

Lagbilete, stort

Midtangrep
Sist endret av thasle den 23 Jan 2006, 12:38, endret 2 ganger.
thasle
Ung og lovende
Ung og lovende
 
Innlegg: 12
Registrert: 18 Des 2005, 15:41

Innlegg trond » 22 Jan 2006, 22:07

Kan du gjøre bildet mindre? En fjerdedel av størrelsen er passelig.

For øvrig gratulerer :D
-trond
Only Chuck Norris can devide by zero.
trond
Proff
Proff
 
Innlegg: 140
Registrert: 03 Aug 2004, 15:57
Bosted: VÃ¥lerenga


Gå til Nyheter og meldinger

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron