Rankingturnering: H2 tar andreplassen

Nyheter og meldinger til alle i OSI Volleyball. Postinger her kommer som nyhet på forsiden.

Moderator: Helle

Rankingturnering: H2 tar andreplassen

Innlegg thasle » 05 Feb 2006, 20:54

H2 deltok i rankingturnering på Kjelsås i helga, det gjekk slett ikkje verst og OSI spela seg heilt fram til finalen.

Det var ikkje så triveleg å jaga seg opp til første kamp klokka ni denne søndagen, spesielt når vår første kamp ikkje starta før klokka elleve (utan at me hadde fått beskjed). Tross alt var me ikkje fulltallige før klokka ti uansett, så det var kanskje like greit. Me jobba lenge med å få tak i Daniel, sist sett på veg heim frå ein riktig så "trevlig" tur på pubben fredag.

Me vann gruppespelet etter å ha eksperimentert mykje med laget, noko spelet var prega av. Sjølv med mange bytter og litt rot vann me puljekampane. I semifinalen møtte me Flint, som gav oss betrakteleg meir motstand. Etter eit godt førstesett og veldig jamnt andresett stod det 1-1. Eit par tvilsomme blås frå dommaren (her på veg inn i hallen)gjekk ikkje vår veg, og tippa settet i Flintfavør. H2 var tilbake i godt slag i sistesettet og tok kampen greit.

I finalen venta Groruddalen, og eit gira H2. Etter ledelse tidleg i settet tapte me fleire jamne ballvekslingar og kom bakpå. Me sleit spesielt med Johhny frå Stovner og den leie tremannsblokka til Groruddalen. To strake (men velspelte) sett seinare stod me igjen med ein absolutt respektabel andreplass. Spelet er oppløftande, og stabiliteten til etterkvart å køyra morosame kombinasjonar er på veg.

Laget:
Kant: Arne, Per Ivar, Terje og Vebjørn
Midt: Runar, Martin og Tore
Dia: Sveinung og Jan Erik
Passare: Daniel
thasle
Ung og lovende
Ung og lovende
 
Innlegg: 12
Registrert: 18 Des 2005, 15:41

Gå til Nyheter og meldinger

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron