H2 i Halden

Nyheter og meldinger til alle i OSI Volleyball. Postinger her kommer som nyhet på forsiden.

Moderator: Helle

H2 i Halden

Innlegg thasle » 13 Feb 2006, 00:18

Etter å ha varma opp med Bayercup fredag kveld, reiste H2 på raid til Halden laurdag. Nokon var sugne på løsgodis, sjuskete porno från "Hønan Agda" samt veksthormonell hane frå frysedisken og reiste difor på morgontur til Svinesund. Dei møtte resten av laget i Remmenhallen der heimelaget Halden og Lier venta.

Første kamp gjekk mot Lier, eit ikkje spesielt imponerande lag (OSI 3- Lier 0).

Halden hadde derimot samla flittig i det vesle spelematerialet som eksisterer rundt svenskegrensa: Dei som akkurat har fått i seg nok veksthormonkyllingfilet til å overvinna all mijøgifta i barndomen. Resultatet er faktisk ei samling litt skumle, men frykteleg feilernærte spelarar med språkproblemer. Eit par av dei hadde tømt nedpå så mykje Red-Bull (Gives you wings!) at når dei ikkje gjekk rastlaust rundt å skolv, kom dei seg ganske høgt over nettet.

Dette skulle vise seg å bli ein svært underhaldande kamp. Halden skremde oss litt i første sett, serva bra og ekspederte våre servar kontant tilbake. OSI kom tilbake mot slutten av settet, men det hindra ikkje at Halden tok det 25-22. Eit godt andresett frå OSI vart vunne 25-14, og avslørte svake sider hjå Halden. Solid spel i alle ledd sikra nok eit sett (til 2-1) og nesten matchball til OSI i eit jamnt fjerdesett. To avgjerande feil mot slutten av dette settet snur det fordel Halden. Då var det slutt for OSI. Full stopp. Marte tok timeout på på 7-2 og lova bank til alle som gav opp før settet var over. Ikkje eingong det var til hjelp. Halden vann sistesettet 15-5. Kollapsen i sistesettet var vel både psykisk og fysisk. Åtte sett nesten på rappen tar på, og når ein kjem bakpå i sistesettet er det lett å bli litt motlaus og panisk.

Oppsummert ein veldig morosam og velspelt kamp, der begge lag bidrar med gode prestasjonar. H2 spelar seg stadig betre, og har vunne fem av seks kampar etter jul. Litt rusk tidleg i sesongen gjer at me no er på fjerdeplass i serien, men to gode rankingturneringar (2. og 3. plassar) er nok med å sikra oss a-sluttspel.

Laget:
Marte Mourinho, Arne, Johannes, Kurt, Per Ivar, Runar, Sveinung, Terje og Tore
thasle
Ung og lovende
Ung og lovende
 
Innlegg: 12
Registrert: 18 Des 2005, 15:41

Gå til Nyheter og meldinger

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron