H2ten

Nyheter og meldinger til alle i OSI Volleyball. Postinger her kommer som nyhet på forsiden.

Moderator: Helle

H2ten

Innlegg thasle » 05 Mar 2006, 22:03

H2 avslutta serien med to kampar på Toten. Etter ein sterk siste del av sesongen var a-sluttspelplass alt sikra, men serieledar Skreia og Kolberg stod igjen før sluttspelturnering neste helg.

Eg veit ikkje om me var på rett eller feil side av Mjøsa, men langt frå Oslo var det uansett. Det hadde versert ein fire-fem ulike reiseruter på OSI-kalenderen, men sidan Ivar var frå nabolaget tok me favorittvegen hans (uavhengig om den var raskast). Hallen var av typen snekra saman på dugnad. Det lokale trelastlageret sponsar eit restparti med granpanel (b-sortering), høggern bidrar med litt stål og møbelbutikken nokre rullar golvbelegg. Fin hall. Minus for fæl musikk (eurotrance og litt country).

Heimelaget venta i første kamp. Dei er ein gjeng talentfulle jyplingar og eit par solide ringrevar. Me har møtt dei før i år, både i serie og turnering og visste at me burde spela jamnt med dei. OSI mangla diagonal etter at blant anna Sveinung dessverre er ute med skade. Fleire alternativ vart vurdert før Marte bestemte å setja inn begge leggarane. Det fungerte fint og førstesettet gjekk vegen. Me rota litt i andresettet og tapte det. Både Skreia og H2 spela ein god kamp. Runar slo inn mange fine midtangrep, og Skreia sleit òg med den uortodokse midtstilen til Tore. Syklusen frå dei to første setta gjentok seg og me måtte spela femtesett. Mottaka (stort sett frå Arne og Terje) var gode og me pressa bra i serv og angrep. Me hadde derimot problemer med å få opp blokka på kantane (kanten) til Skreia. OSI taper femtesettet i ein morosam kamp som me like godt kunne ha vunne.

Kolberg (frå Fredrikstad) hadde trykka "ILLE BRA" på drakta si, sjølv om det kanskje var å overdriva litt. OSI forandra mykje på laget frå kampen mot Skreia, men slo Kolberg greit i tre strake sett. Per Ivar og Ivar kom inn og gjorde ein kjempekamp både defensivt og offensivt. Iløpet av dei to kampane fekk Kurt og Daniel prøvd seg som diagonal, noko angrepssugne leggarar set pris på.

Bilde
Arkivfoto

Kampfakta:
Skreia-OSI: 3-2
OSI-Kolberg: 3-0
H2: Arne, Daniel, Ivar, Kurt, Per Ivar, Terje, Tore, Runar
thasle
Ung og lovende
Ung og lovende
 
Innlegg: 12
Registrert: 18 Des 2005, 15:41

Re: H2ten

Innlegg Gjest » 09 Des 2006, 21:06

Hehe
Gjest
 


Gå til Nyheter og meldinger

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron