H2 tar tredjeplass i a-sluttspelet!

Nyheter og meldinger til alle i OSI Volleyball. Postinger her kommer som nyhet på forsiden.

Moderator: Helle

H2 tar tredjeplass i a-sluttspelet!

Innlegg thasle » 12 Mar 2006, 23:49

Dei beste laga i 2. divisjon var samla til a-sluttspel i Ås på laurdag. H2 venta hard motstand allereie i gruppespelet der me skulle møta Askim og Groruddalen. Askim trekte laget frå eliteserien for eit par år sidan og flytta restane ned i andredivisjon. Dei har gitt frå seg fire sett i serien i år, og hadde alt knust Groruddalen i første kamp for dagen. Me var vel ikkje heilt varme når kampen starta, me spela i alle fall ein horribel kamp. Masse feilserving og dårleg angrepsspel var ikkje godt nok mot Askim. Oppsummert:

POTENSIELT STØYTANDE BILETMATERIALE

Jon konstaterer at det var ein skikkeleg rævva kamp og at ein viss libero, som me ikkje skal nemna med namn, tar ein Shabana
(Nice firm buttocks red.anm.)

Ein kamp og litt kvile var alt som skulle til for å få oss i gong, og me slo Groruddalen i neste gruppekamp. Jon coacha oss profesjonelt og ulasteleg oppdressa gjennom dagen.

I semifinalen møtte me Jan Tore, Vidar og Peder frå Froland. Dei hadde slett ikkje brukt tida si på råning og påmmfri på rutebilstasjonen dei siste åra. Froland har seriøse planar om opprykk og eit sterkt lag. OSI gjer kanskje sin beste kamp for året og har presset store deler av kampen. Mot eit så sterkt lag som Froland er det likevel ikkje heilt nok, og me taper to tette sett. Tungt angrep og heroisk forsvarsinnsats heile kampen.

Bilde
Terje gjer ein sterk kamp som kant, mot høg og brei Froland blokk (Terje har trena spenst heile vinteren med mullahløft 4x10reps dagleg)

Tapet mot Skreia sist helg skulle revansjerast i bronsefinalen. Me klarar ikkje heilt å halda på nivået frå Frolandkampen, men slår Skreia 2-0 og tar tredjeplassen. Dagens spelar går til Arne for spenstig angrepsspel og kjempeinnsats i forsvar.

Denne turneringa viser at me hevdar oss blant dei aller beste laga i andredivisjon. Tap mot Froland og Askim er greitt, begge dei er klare for 1.divisjonskvalifisering og har vore suverene i sine avdelingar. Me får derimot revansjert tidlegare tap for både Skreia og Grorud, og bekreftar at me høyrer til blant dei fem beste 2.divisjonslaga på austlandet. Spelet har blitt stadig betre utover sesongen, og me har ein jamn og solid stall. Nesten ingen kampar har gått med identisk mannskap i år, likevel har me kjempa i toppen av både serie og samtlege rankingturneringar.

Bilde
Terje fann ikkje ein einaste mullah i Åshallen og måtte bruka Jon. Her saman med resten av laget etter eit uhell i tredje serie.

Fleire bilete frå sesongen kjem nok som album i løpet av kort tid.
thasle
Ung og lovende
Ung og lovende
 
Innlegg: 12
Registrert: 18 Des 2005, 15:41

Rompe

Innlegg Gjest » 13 Mar 2006, 14:29

Støtter beslutningen om å la bleikfeit H2-rompe være forbeholdt kun de som søker støtende materiale!
Gjest
 


Gå til Nyheter og meldinger

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron