Side 1 av 1

H2 vs Oslo Volley

InnleggSkrevet: 09 Nov 2006, 22:56
thasle
Det vart sein start på serien i år, men H2 såg ikkje ut til å vera meir klar av den grunn. Ein lite målretta gjeng entra bana til første seriekamp, med Oslo Volley på andre sida av nettet.

Bilde
Første timeout: Anders har alt svetta ut eit håndkle, bøtta nedpå ei vassflaske og er på veg over på andre sett svettebånd.

Første sett svinga litt fram og tilbake, og trass i tidvis greit spel trur eg me tapte 29-27. Andre og tredje sett gjekk betydeleg betre. Ein 15 poengs ledelse (!) i andre sett krympa til slutt ned til rundt 5 poeng, tredje sett gjekk på skinner. Det var spesielt gledeleg å sjå at alle deler av forsvarsspelet fungerte.

Kjernen i laget frå i fjor er fortsatt med, og H2 er bra besatt i alle posisjonar. Frå eigne rekker har me rekruttert solide Lars (potet), Rune (dia) og Thomas (libero). Me har dessverre mista Sveinung til H1, men har i staden fått inn Kim som venstrehendt (og skada) diagonaljoker (Joker Nord sådan). Anders har forstått kven det er verdt å spela med, og var i denne kampen leggar mot gamle lagkameratar i Oslo Volley.

Fjerdesettet innebar òg litt rusk, men generelt var me betre enn Oslo Volley. Når Anders blir betre kjent med sære leggpreferansar hjå angriparane, kjem nok flyten på plass i angrepet òg. Skadar og fråvær får og ta litt av skulda for rotet i går, til dømes ingen friske diagonalar på dommarkortet.

Bilde
H2
Bilde
H2 gjennom netthinna til dommaren

Konklusjon: H2 vinn greit på ein middels dag!

Kampfakta:
2.divisjon, avdeling 3
OSI H2 – Oslo Volley 2,
3-1 (følte settsiffer ca 27-29, 25-19, 25-16, 26-24)
Tilskodarar: 10 fnisete jenter
Leggar: Anders Libero: Thomas
Midt: Johannes, Martin og Runar
Kanter: Lars, Per Ivar, Terje og Tore
Dia: Arne Crew: Jon, Marte, Chris og Rune


PS: Oslo Volley prøvde seg som vanleg med støtte frå elitelaget, men den vesle guttepjokken med hoppservane var slett ikkje i stand til å stoppa H2.