Side 1 av 1

H2 på serieturnering i Åshallen

InnleggSkrevet: 13 Nov 2006, 17:32
thasle
Ein divisjon og to lågare enn cupoppgjøret til H1, vart det spela god volleyball av broilarane til OSI. Kolberg frå Fredrikstad og heimeklubben Holstad møtte H2 i Åshallen laurdag. OSI stilte stort sett same mannskap som mot Oslo Volley, men mangla reserver på eit par posisjonar.

Kolberg dukka opp med eit sterkt lag. Naboklubben Halden trakk laget sitt denne sesongen, og Kolberg fekk gleda av å forsterka laget sitt med restene av laget til Haillden. Rett nok var det berre ein mann, men denne mannen var faktisk Halden i fjor. Me kom godt igong med kampen og spela heilt på høgde med Kolberg første sett. ”Halden” blei gong på gong blokka ned på midten og kantane til Kolberg kom ikkje til. Dessverre tapte me nokre raske poeng på slutten og dermed settet. Før andre sett rokkerte Kolberg den omtalte midten sin ut som diagonal, der det ikkje var like lett å stoppa venstrearmen hans. I tillegg auka servepresset, H2 havna bakpå og tapte settet. Jon poengterte at etter to tapte sett var det berre å sleppa seg laus, og det blei tatt til følge. Mottaka frå Thomas var perfekte og Per Ivar og Arne kom hardt inn i kampen, 25-18 i andre sett vart snudd til 18-25 i tredje. Ut i fjerde sett såg det ut til å gå vår veg, etter at me hadde ført det meste av settet. Anders serverte fine legg og heile angrepsrekka utgjorde ein trussel mot Kolberg. Så skjer det som ikkje skal skje: Ei ekkel hoppserverekke snur stillinga og me taper 25-23 og dermed 3-1. Oppsummert spelar me godt i tre av fire sett og har det morsomt.

Bilde
Arne, Jan Erik, Bjørn Borg og Per Ivar

Etter ein times pause med kaffi og boller ventar heimelaget. Holstad består av utelukkande unge spelarar med talent og vilje, ein gjeng som kan blåsa seg opp til å vera veldig gode. I første sett såg me litt av det, god jobbing gjorde at Holstad holdt følge. Dei presterte å dippa inn minst 5 poeng bak blokka vår, eit resultat av dårleg blokktiming og bevisstlaust feltforsvar. Problemet med å blåsa seg opp er at det er lett å sprekka. Når Holstad etterkvart prøvde hardare og hardare, blei det mest rot og frustrasjon. Ofringa dei viste tidleg gjekk over i kommunikasjonsfeil, krasjing med medspelarar og knallharde smashar; rett i nettet. H2 spelte seg stadig betre utover dagen og hadde god kontroll på kampen. Terje spelte libero i andre kamp og gjer ein kjempeinnsats, Runar viste stor blokking både mot Kolberg og Holstad. Fasit: 3-0 til H2.

Bilde
Lars plasserer ballen kontrollert til høgre for Holstad-blokka