Referat frå styremøte 02. mars 2010.

SSIA

Referat frå styremøte 02. mars 2010.

Innlegg Astri » 02 Mar 2010, 22:05

Referat frå styremøte 02. mars 2010.
Tilstades: Jonas, Sigrid Anna, Anneli, Thomas, Erlend og Astri(skrivar).

Saker:
1) Årsmøtet i OSI sentralt, torsdag 4. mars 2010.

Jonas og Sigrid A. stiller frå OSI volleyball. Jonas orienterte om saklista. Det var ingen kontroversielle saker som volleyballstyret må ta stilling til. Astri minna om at alle medlemmar i OSI har møterett. Alle som har betalt OSI avgift for inneverande semester har i tillegg sjølvstendig stemmerett. Astri sender ut info om årsmøtet på e-post.

2) Kutt i tildelinga frå Hovudstyret.

I tildelinga av gruppebevilgning for 2010 har OSI volleyball fått 20 000,- mindre vi søkte om. Astri undersøker årsaka til dette, og evt høvet for å klage på vedtaket.

3) Uteståande OSI-avgift.

Vi må ha tett oppfølging av dei som ikkje har betalt OSI-avgifta for vårsemesteret. Astri undersøker og lagar liste over dei dette gjeld, og startar innkrevjing via torpedoane. Det er viktig å presisere ovanfor spelarane at dei som har uteståande pengar for klubben ved sesongslutt, vert nekta vidare medlemskap i OSI, samt nekta overgang til andre klubbar. Dette gjeld manglande betaling av både OSI-avgift og dugnadspengar.

4) Dugnad

Dei dugnadsansvarlege må få oversyn over kven som har uteståande dugnadstimar for sesongen. Thomas avtalar møte med Andreas for å få overlevert lister for dette.

Styret bestemte at siste frist for dugnadsjobbing og –innbetaling er 18. mars. Thomas sender ut e-post om dette. Fristen er satt såpass tidleg for å få tid til å kontrollere at alle har jobba/betalt sin del før semesterslutt. Astri foreslo å arrangere eit siste dugnad for medlemmane innan 18. mars, slik at alle får høve til å jobbe inn sine timar viss dei ynskjer det.

Det blei ytra ønske om å få på plass ei enkel oversikt over kva den enkelte medlem har av dugnadsjobbing/innbetaling. Dette kan vere eit excel-ark som leggast ut på heimesida så alle får lesetilgang. Thomas utarbeidar ei oversikt og sjekkar dette med Trond.

5) Ny treningssamling?

Anneli tok opp om det skal arrangerast treningssamling på vårparten 2010. I så tilfelle må ein snarast kome i gang med planlegginga. Ein kom fram til at det ikkje var behov for ei treningssamling med reising og overnatting no, men satsar på ei ”treningssamling light” ei helg i april. Tanken er at vi kombinerer trening og sesongavslutning, og legger arrangementet til Oslo. T.d. kan vi leige Domus i x antal timar ein laurdag, dele inn i ulike nivå og gjennomføre 2 stk treningsøkter per nivå, for deretter å dra ut på byen i lag. Anneli er ansvarleg for å spikre dato og opplegg. Ho får med seg Tuva og Marianne i planlegging og gjennomføring. For å få med flest mogleg er det viktig at datoen kjem ut til medlemmane raskt!

6) Materielltilstanden

Vi har kjøpt inn og fått levert 80 stk nye Mikasa matchballar. Desse er no pumpa og merka. Ballane vert fordelt på følgjande måte: 40 stk skal til ei kvar tid vere i skapet på Blindern, 30 stk skal alltid vere i ballkassa på Domus. Dei resterande 10 stk skal vere reserve- og matchballar, som blir oppbevart i ”Messanin” på Domus saman med storbanenettet og 1 stk ny poengtavle.

Dei gamle ballane, totalt 60 stk, er selt til skulesektoren for kr 50,- per stk.

Vi har også nyleg fått 2 stk nye poengtavler i Domus. Desse er kjøpt og betalt av SiO. SiO skal også kjøpe inn nye i Blindern, men dei har enno ikkje blitt levert. Astri purra på dette til dagleg leiar seinast i dag, 02.03.10.

Erlend har fått inn ynskje om nye antenner med skikkeleg festeordning. Erlend sjekkar opp om dette er SiO eller OSI volleyball sitt utstyr, samt kor mange vi treng og pris innan neste møte.

Sigrid informerte om at vi har bestilt inn nye, like Mizuno draktsett til alle laga, både på dame- og herresida. Desse skal vere klare til sesongstart til hausten. Vi gledar oss!

7) OSI laurdagar

Anneli informerte om at ho og Anders Myhr er i gang med å få til ”OSI laurdagar” til neste sesong. Dette går ut på at klubben søker NVBF om å få samla fleire lag sine heimekampar, slik at vi kan lage eit større arrangement i Domus med mange volleyballkampar samtidig, og avslutte med ein H1 og ein D1 kamp. På den måten kan vi gjere det meir attraktivt å kome å sjå på kampar, samt at dei laga som skal spele sjølve, også kan følgje andre lag i klubben. Vi trur dette vil auke klubbtilhørigheita, samt skape litt meir blest rundt seriekampane. Det er ynskjeleg at også 3. divisjonslaga vert inkludert i dette, sjølv om dei som oftast spelar sine kampar i treningstida. Anneli har sett opp tre helgar til dette neste sesong, og jobbar for å koordinere kamptider, halltider osv. Styret stiller seg svært positive til dette!


Astri Gridseth Flø,

vikarierande skrivar og øk.ans
Astri :)

I`m still confused, but now on a higher level..
Astri
Rutinert og god
Rutinert og god
 
Innlegg: 29
Registrert: 17 Feb 2009, 03:07

Gå til Referater fra styremøter

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 0 gjester

cron